Sunnfjord Museum


Sunnfjord Museum ligg ved Movatnet langs E39 like aust for Førde sentrum. Dette er eit kulturhistorisk museum med samlingar og utstillingar som speglar dagleglivet til folk flest i Sunnfjord gjennom tidene.

Friluftsmuseet består av ein opphaveleg husmannsplass, og eit rekonstruert klyngetun med urtehage, støl og kulturlandskap.

Bygningane i friluftsmuseet kjem frå heile Sunnfjord, og syner eit tidsspenn i byggeskikk frå 1500 til kring 1900. Museet ligg i naturvakre omgjevnader. Her finn du fleire turstiar med informasjonstavler som fortel om den lokale natur- og kulturhistoria.

Vi tilbyr omvising til alle gjester i friluftsmuseet. Museumsbutikk og kiosk.


Planlegg ditt besøk

Adresse

Movika
6819 Førde
Tlf: +47 57 72 12 20

sum@misf.no
 

Opningstider

1.jan - 31.mai       måndag - fredag         kl 10-15  
1. juni - 30. juni  måndag - fredag Kl 10-16
  laurdag og søndag  Kl 12-17
01. juli - 15.aug måndag - fredag Kl 10-18
  laurdag og søndag Kl 12-17
16.aug - 31.aug      måndag til fredag Kl 10-16
  laurdag og søndag Kl 10-17
1.sept - 31.Des måndag til fredag Kl 10-15


Billettprisar

Vaksne NOK 60,-
Born 0-18 år Gratis
Student / honnør      NOK 40,-
Grupper NOK * 40,-

* Minimum 10 personar

For meir informasjon besøk Sunnfjord Museum sin nettstad.