Musea i Sogn og Fjordane har tilsaman 13 museum spreidde i heile fylket, og 7 avdelingar.

Vi har samla 50 årsverk, og dekker eit vidt spekter av lokal, regional og nasjonal kunst- og kulturhistorie.

Vi har ledig fast stilling som

FORMIDLINGSLEIAR

ved

SUNNFJORD MUSEUM

 

Kort om museet

Sunnfjord Museum vart  opna i Førde sentrum i 1926. I 1950  vart museet flytta til Movika. Den opphavlege husmannsplassen Movig er grunnstammen i friluftsmuseet, som i dag tel 32 antikvariske bygningar, støl og utmarkshus inkludert. Museet har ei variert gjenstandssamling over eit stort tidsspenn og er særleg kjent for tekstilsamlinga

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein engasjert og strukturert person til å utvikle og gjennomføre  formidlingsoppgåver retta mot alle brukarar av museet, med hovudvekt på skuletilbod, arrangement og utstillingar. Det vert lagt vekt på gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig. Søkjar må vere fleksibel i høve til intensive arbeidsperiodar, og må rekne med noko reising til skular i regionen. 

Kompetanse og kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan pedagogiske og/eller museumsrelevante fag.
  • Relevant undervisningspraksis og gjerne museumserfaring