Pressemelding: Musea i Sogn og Fjordane har stadig fleire nøgde gjester

Foto: Espen Mills, Kvernsteinsparken

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane hadde i 2017 pr. august 46.980 gjester. Auken frå toppåret 2016 er på 2% hittil i år.

-Når vi ser på gjestekommentarar i sosiale media viser trenden at vi har aukande grad av nøgde besøkande. Det er ikkje berre volum som er viktig for oss, men at vi gjev opplevingar av god kvalitet slik at dei besøkande kjem att eller fortel andre om sine opplevingar,  seier administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane Kjartan Aa Berge.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane har hatt ei auke på 20%. Dei har eit godt samarbeid med turistinformasjonen i Florø, som er flinke til å anbefale turistane museet. I tillegg har dei i år satsa meir på aktivitetar for barnefamiliar på området, som dei besøkande har sett stor pris på. Nytt av året er at museet tilbyr omvising i Bataldenbua i sommarsesongen, og ei utviding av tilbodet til skuleklasser i Vågsøy kommune.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde har hatt ei auke på 11%. Dette kjem både av fleire utstillingsopningar og av samarbeidet med Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.  Astruptunet held fram med veksten frå vi fjor, så vi ser framleis effekten av den internasjonale lanseringa i 2016. Sogn Kunstsenter har ein liten auke frå i fjor, men det er framleis for lite besøk i høve til potensialet for Hans Gjesme-utstillinga. Eikaasgalleriet har hatt den godt mottekne utstillinga «Med skjemt og vet», besøkstala er om lag på same nivå som i fjor.  Anders Svor Museum har ei god auke i besøkstala samanlikna med 2016, men det er framleis potensiale for å auke besøket til museet. Samla sett er vi nøgde med utviklinga for kunstmusea.

Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad har vist positiv utvikling over fleire år, og hadde i år ein auke på 40%. Her har vi hatt auka aktivitet med fleire arrangement enn tidligare år og generelt auka besøk. Kvernsteinsparken hadde i år turistinformasjon. Tilbakemeldinga frå publikum er at dei jamt over er nøgde med dei guida turane i parken og at dei får delta i ulike aktivitetar som til dømes å lage klebersteinssmykke, maling av korn og brødbaking over bål.

De Heibergske Samlinger- Sogn Folkemuseum hadde ein god sesong i fjor, og tangerer om lag tala i år. Museet har eit godt samarbeid med Visit Sognefjord og andre reiselivsaktørar, og vi ventar turistgrupper fram til midten av oktober.

Norsk Reiselivsmuseum har, på tross av ein nedgang i besøkstalet frå 2016, stadig fleire nøgde gjester når vi ser på responsen i gjestebøker på nett. Tilbakemeldingane frå dei besøkande er særs gledelege, særleg fordi det tek tid å arbeide inn eit nytt museumstilbod i marknaden. 

Nordfjord Folkemuseum har hatt nedgang, på tross av fleire arrangement og utstillingar med god oppslutnad. Nedgangen kjem mellom anna av at museet ikkje har hatt tilbod om opplegg for skuleklasser i år. Avdelinga har elles arbeidd mykje med samlingsforvaltning, noko som er ein viktig del av samfunnsoppdraget for musea våre.

Sunnfjord Museum har hatt ei spanande utstilling med «Kvardagsfolk» av Maja Birkeland i sommar, men har likevel ein reduksjon på om lag 3%. Generelt er inntrykket at dårleg vêr gjer ført til at færre turistar besøkt museet.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane ser no framover mot ein hektisk haust der alle 9.klassingane i Sogn og Fjordane skal få reise på besøk til eit museum og bli betre kjend med kulturarven vår. Dette er ein del av tilbodet til Den kulturelle kulesekken. Samla sett vert det om lag 1600 elevar som skal besøke oss i løpet av skuleåret. Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er stolte av å få bidra til Den kulturelle skulesekken. Sogn og Fjordane fylke vart i 2016 rangert som den beste formidlaren av nettopp Den kulturelle skulesekken i Noreg, ifølge Norsk Kulturindeks.

Pressemeldinga finn du her.