Innlegg om Musea og kulturmelding frå adm. dir.

Kjartan Aa  Berge

I desse dagar går det ei innspelsrunde om ny kulturmelding. Planen er å ha den ferdig til 2020. På eit møte om meldinga i Førde nyleg peikte representantar frå Kulturdepartementet på regionreforma og samfunnstrendar og utviklingstrekk som viktige premiss for utarbeidinga av kulturpolitikk for ei ny tid. Som det største uavhengige kunnskapsmiljøet for kultur i fylket ser Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) på arbeidet med ei ny kulturmelding med stor interesse.

Musea sitt samfunnsoppdrag er forankra i Stortingsmelding nr 49 (2008-2009) «Framtidas museum: Forvaltning, forsking, formidling, fornying». Denne meldinga dannar grunnlaget for den såkalla museumsreforma der forvaltning, forsking, formidling og fornying (dei såkalla fire F’ane) er definert som bêrebjelkane i samfunnsoppdraget til musea. Reforma har bidrege til at talet på museumseiningar i Noreg har blitt redusert frå over 350 einingar til omlag 65 i det nasjonale museumsnettverket.

I ein artikkel i siste nummer av Norsk Museumstidsskrift om musea si samfunnsrolle («Museenes samfunnsrolle - et kritisk perspektiv») slår forfattar Ole Marius Hylland fast at nye oppgåver og rollar både har kome i tillegg til, og som erstatning for, dei eksisterande i musea. Hylland konkluderar med at kombinasjonen av nye rollar, nye behov for legitimering og nye formar for offentleg forvaltning har ført til at musea i dag er mellom dei mest komplekse samfunnsinstitusjonane våre.

At musea sitt samfunnsoppdrag og tilhøyrande engasjement frå omgjevnadene er komplekst har eg sjølv erfart i mitt korte virke som direktør for MiSF. Kombinasjonen av eit samansett samfunnsoppdrag og tre ulike finansielle offentlege bidragsytarar (stat, fylke og kommunar) med svært ulike perspektiv på kva musea er og korleis dei skal forståast har tidvis skapt eit enormt «krysspress» av forventningar og krav. Det skal noko til for å sikre fokusert og god museumsdrift basert på museumsfaglege vurderingar i eit slikt landskap, for å seie det slik. Mi vurdering er at MiSF, som konsolidert museum med stor geografisk og tematisk breidde, i verste fall kan risikere å bli riven sund av dette krysspresset frå ulike interessentar. Det er ikkje ønskjeleg, sjølvsagt.

Det er i ein slik innramming at MiSF sitt innspel til må forståast. Vi speler dermed inn følgande moment til den nye kulturmeldinga:

  • Stabile og langsiktige rammevilkår for musea er viktig for å sikre kvalitet og profesjonalitet. Musea er svært komplekse kunnskapsinstitusjonar som har behov for brei og diversifisert kompetanse. Musea er sentrale arenaer for inkludering og kulturelt mangfald og er aktive i å fremje integrasjon og kulturell forståing. Den langsiktige verdien av musea si bevaring og formidling av kulturarv er viktig og krev føreseielege og realistiske rammar frå styresmaktene. Nye teknologiar som bidreg til endra kulturbruk i befolkninga, og digitale verkemiddel og sosiale medier som styrker musea sine mogelegheiter for å nå nye brukarar og for ein breiare distribusjon av fagleg kunnskap forsterkar dette behovet.
     
  • Armlengdprinsippet må forankrast tydelegare i samfunnet for å sikre musea som autonome einingar. Musea er gode læringsarenaer som gjer born og unge kunnskap, men er også arenaer som bygger erfaring i å utøve kjeldekritikk og kunnskap om korleis val av bruk av kjelder og perspektiv kan gje ulike historieforteljingar. Kontinuerleg insistering på fagleg uavhengigheit og profesjonell integritet i musea si forsking på, formidling og forvaltning av samlingar har gjeve musea stor tillit i befolkninga. At musea får halde på sin faglege fridom og fridomen til å stille kritiske spørsmål ved fortid og samtid er ein føresetnad for at musea skal fylle samfunnsrolla si og vere sentrale aktørar i utviklinga av demokratiet. Musea spelar dermed ei viktig rolle i å utfordre haldningar og for å utfordre til samfunns- og politisk debatt.
     
  • Museumsreforma bør evaluerast. Museumsreforma i 2009 førte med seg ein omfattande konsolideringsprosess, men resultata av den er ikkje tilstrekkeleg evaluert og dokumentert. Eit sentralt spørsmål er om vi har fått betre og meir robuste fagmiljø og om omfanget av og kvaliteten på museumsforskinga har auka.  Eit anna viktig spørsmål er korleis dei konsoliderte musea har fungert som heilskapelege einingar. Vidare bør det evaluerast korleis har omsynet til armlengdprinsippet har fungert på nasjonalt, fylkeskommunalt og kommunalt nivå.
     
  • Konsekvensane av kommune- og regionreforma for musea bør vurderast og avklarast. Det er svært kort tid til reformene skal implementerast frå 2020 og mykje er uklårt. Eit viktig spørsmål er korleis reformene kan påverke den tredelte finansieringsmodellen av musea og den tilhøyrande kravsettinga frå bidragsytarane. Ei anna spørsmål er knytt til korleis museumspolitiske planar på regionnivå kan påverke museumsdrifta, omsynet til samfunnsansvarsrolla og musea sin autonomi i åra som kjem.

MiSF er glade for å kunne bidra og ser fram til den vidare prosessen mot ei ny kulturmelding.
 

Kjartan Aa Berge
Administrerande direktør
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane