Hanne Storm Ofteland er tilsett som avdelingsdirektør for Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Ny avdelingsdirektør SFKM

Hanne Storm Ofteland (47) er tilsett som avdelingsdirektør for Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Hanne er utdanna kunsthistorikar frå Universitetet i Oslo. Ho har tidlegare arbeidd som sjef for bibliotek- og arkivtenestene ved Kunsthøgskulen i Oslo, samt digitalisering og dokumentasjon ved fleire kunst- og kulturinstitusjonar i Oslo. I perioden 2003-2006 dreiv ho galleriet Nordic art info, ein visningsstad for nordisk samtidskunst med hovudfokus på unge kunstnarskap. 
I 2001 etablerte ho nettidsskriftet BarokkMinimalist: ezine for kunstkritikk saman med ei rekkje kunsthistorikarar, kunstnarar
og filosofar. I 2017 var ho engasjert som sekretær for ein nasjonalt utval med mandat å evaluere stipendiatprogrammet og prosjektprogrammet for kunstarisk utviklingsarbeid. For tida jobbar ho friland som forfatta på oppdrag for Eidskog kunstforening og med ein monografi om hedmarkskunstnaren Arthur Eriksen (1903-1978). Hanne tek til i stillinga 1.oktober.

Hanne Srorm Ofteland var vår førstekandidat, og vi er svært nøgde med å få Hanne med på laget. Vi gler oss til ho kjem!