Sogn Kunstsenter Sogn Kunstsenter
Mann i mørkre med raude detaljar.

Gal og genial?

Tidspunkt til
Stad Sogn Kunstsenter, Lærdal

Stemmer myten om den gale og geniale kunstnaren? Kanskje kan du gjere deg opp ei meining i denne utstillinga.

Kunstnaren Hans Gjesme (1904-1994) vart paranoid schizofren og tvangsinnlagt på Gaustad psykiatriske sjukehus i 1955. Der budde han heilt fram til 1971. Han la ikkje ned kunstnarskapet sitt der inne, tvert imot. I utstillinga får du eit innblikk i Gjesme sine verk frå denne tida.

Bilete frå ei sjukehistorie

Då han vart lagt inn, stoppa ei lovande karriere tilsynelatande opp. Den mykje utstilte målaren forsvann frå offentlegheita. Men inne på Gaustad i Oslo jobba kunstnaren frå Lærdal vidare. På veggane ved Sogn Kunstsenter stiller vi ut nærare 100 høgdepunkt frå dei 16 åra bak lukka dører. Fleirtalet av bileta har aldri vore vist fram offentleg før.

Hans Gjesme måla og teikna det han opplevde som innlagt. I periodar var han for psykotisk og medisinert til å skape. I gode periodar har den sterke skapartrongen hans antakeleg hjelpt han å gjere opphaldet på Gaustad meir leveleg.

Tekning av naken mann med eit grotesk monster med vengar og klør på nakken.
Slik opplevde Gjesme det å ha paranoid schizofreni

Kunstnaren lei av ein sjukdom der det til tider er vanskeleg å skilje kva som er verkeleg og ikkje. I denne tilstanden, ofte med «styggen på ryggen», skapte han sterke og kjenslevare bilete. Verka står ikkje attende for det han laga dei siste tiåra før han vart lagt inn. Og dei gjev eit meir nyansert og sjeldan innblikk i korleis det var å vere psykisk sjuk og kunstnar.

Arkitektur- og naturskildringane er til tider overraskande lyse, lette og vakre. Dei står slik i kontrast til negative førestillingar av korleis det er å vere psykisk sjuk og til dystre framstillingar av psykiatriske institusjonar. Så vidt vi veit har ingen annan norsk biletkunstnar skildra livet på ein psykiatrisk institusjon like inngåande som Gjesme.

Psyke og einsemd

I eit dagboknotat frå 1957 skreiv Gjesme:

«Fjernhypnotisören har teke fast bustad i meg, han fylgjer med i alt eg lever og upplever. I mine tankar, alt eg ser og høyrer, alt eg kjenner i kroppen. Han virkar med stemningar, tankar, kjensler og påvirkningar på ånd og kropp. Fj.hypnotisören sender tankebilete for å uppnå virkningar, for.expl. drake, ögle, djevel, dverg, eld kniv, kjönslem, hjul som går rundt, m.m . Viss eg tenkjer det utanfor meg kan eg sjå det i ånden.»

Desse tankebileta prøvde Gjesme å skildre i fleire verk.

Teikning av svart fugl som kastar skugger over Gaustad sjukehus.
Den svarte fuglen frå fjernhypnotisøren flyg over pasientbygningane ved Gaustad sjukehus

Blant verka frå Gaustad er det mange bilete av einsame og apatiske medpasientar. Einsemda og sjukdommen vart særleg tydeleg når dei hadde fri frå arbeidsterapien. Gjesme skildra lutrygga pasientar aleine på tur i parken, pasientar som stirar lengselsfullt ut av glaset og pasientar som kviler.

Kvardagslivet som innlagt

Gaustad opna i 1855 som Noregs første sinnsjukeasyl. Det er sett saman av seks pasientfløyer og andre bygningar, gruppert omkring ein stor tårnbygning. Sjukehuset skulle i størst mogleg grad vere sjølvforsynt, og eigde og dreiv difor Gaustad gard.

Arbeid og aktivitet vart sett på som ein viktig del av behandlinga, og pasientar som var i stand til det vart inkludert i drifta. Gjesme skildra ofte utelaget i arbeid, eller på veg til og frå. Lutrygga menn i like arbeidskle og langstøvlar, ofte på rad og rekke, to og to.

Måleri i sterke fargar med mann på sti. Kraftige penselstrøk illusterer vind og kanskje kaos.
Ein einsam mann i parken ved Gaustad sjukehus

Livet inne på avdelinga ga òg motiv. Slik som ei julepynta daglegstove, pasientar i gangen, gruppeterapitimar, menn som les og spelar kort og sjukepleiersker i arbeid.

Vettakollen erstatta Lærdalsfjella

På Gaustad vart dei steile Lærdalsfjella og Voll gard – som han ofte målte før han vart lagt inn – erstatta av Vettakollen og det kuperte kulturlandskapet rundt sjukehusanlegget. Han skildra landskap både med og utan folk og dyr. Parken og dei store bøke- og kastanjetrea i det indre sjukehusområdet på Gaustad, skildra han i eit utal teikningar og måleri til ulike årstider.

Landskapsmaleri av åker, eplehage, låve, skog.
Vårlandskap ved Gaustad sjukehus med Ris kyrkje i bakgrunnen

Arkitekturen på Gaustad gjorde eit sterkt inntrykk på Gjesme. Han måla og teikna garden og anlegget frå alle moglege vinklar.

Gjesme portretterte både medpasientar og tilsette ved Gaustad. I utstillinga får du sjå gartnaren, folk i verkstaden, ein lege i samtale med pasient i parken og sjukepleiarar som vaskar vindauge eller tek i mot pasientar.

Besøk utstillinga og gjer deg opp dine eigne tankar om korleis psykisk liding kan påverke menneske si skaparkraft. Var Hans Gjesme gal og genial?