Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Hand stikk inn stor, gamal nøkkel i ei tredør.
Publisert 26/04/2024
Av Nina Renate Brendsdal

Vi leitar etter ny museumsleiar!

Etter nesten seks år gjev Marie Nicolaisen seg som museumsleiar ved Sunnfjord Museum. No leitar vi etter ein ny museumsleiar som kan overta den viktige oppgåva å leie og utvikle museet i Movika - både i det daglege og fram mot 100-års jubileet i 2026.

Vil prøve noko nytt

«Sunnfjord Museum er ein fantastisk og unik arbeidsplass! Dei seks åra eg har vore leiar har vore fantastiske, og også intensive og utfordrande.» seier den avtroppande museumsleiaren, opphavleg frå Vest Telemark. Over sommaren rettar Marie blikket austover igjen. «Eg er ei litt rastlaus sjel, og har kjent på det ei stund at eg har lyst til å røre på meg, prøve noko nytt og koma nærmare familien.»

Kvinne med brunt hår og lys blå genser spelar på instrument. I bakgrunnen utstilling.
Marie Nicolaisen har vore tilsett som museumsleiar på Sunnfjord Museum sidan hausten 2018.

100 års jubileum i 2026

I 2026 blir Sunnfjord Museum 100 år, og ei av dei store oppgåvene for den nye museumeleiaren vil vera å planlegge og førebu jubileet. Det er også fleire større og mindre prosjekt både lokalt og i Musea i Sogn og Fjordane som vil vera viktige oppgåver framover.

sunnfjord-museum/sunnfjord_utvikling/sunnfjordmuseum-14.jpg.
Sunnfjord Museum blir 100 år i 2026, og dette blir ei viktig oppgåve for ny museumsleiar framover.

Variert arbeidskvardag

Museumsleiarstillinga er ei variert stilling. Du den stadlege og faglege leiaren for museet, og har særleg ansvar for museet sitt publikumstilbod som utstillingar og arrangement. Samtidig er det fleire administrative oppgåver, planlegging og budsjettarbeid. Arbeid mot lokalbefolkning, lokalt kulturliv og styresmakter er også ein viktig del av stillinga.

I forgrunnen til høgre: gut som slår gras med stuttorv. Bak på venstre side Fjordhest med kjøresele.
Arbeid med publikumstilbodet er ein viktig del av museumsleiarstillinga. Her frå familiedag og slåttedag i 2023.

I stillingsutlysinga blir det trekt fram at vi er på leit etter ein kandidat med kulturhistorisk eller anna relevant fagbakgrunn på masternivå eller høgare, og med erfaring frå leiarrolla og museumssektoren. Ein museumsleiar er involvert i mykje. Sjølvleiing, struktur og evne til god planlegging er viktige eigenskapar.

Søknadsfrist 5. mai

Søknadsfrist for stillinga er 5. mai. Gå til Jobbnorge for sjå utlysing og søknad.

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med Synnøve S. Bjørset, avdelingsdirektør for kulturhistorie.