Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/sommarleik_sunnfjord_museum_msf_01501_foto_henning_a.__hellebust.jpg.

Sommarleik 2024

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Bli med på aktivitetsskulen Sommarleik!

Sommarleik er tre aktivitetsdagar for born i alderen 10 - 13 år, og i år blir den gjennnomført 24.-26. juni, alle dagar klokka 09.00-15.00.

Vi legg vekt på at vi skal ha det moro og lærerikt. Borna skal få prøve seg på ulike aktivitetar, og få utfordringar, kjenne meistring og få nye vener. Rammene for dei tre dagane er museet og museumsområdet, og vi skal vere MYKJE ute og litt inne.

"I fjor var første gong vi laga ein sommarskule for born, og vi kalla den Sommarleik. Inspirasjonen kjem frå Kystsommarleik, eit tilsvarande tilbod på Kystmuseet i Florø. Det har blitt arrangert kvar sommar i ei årrekke. Her lærer born om kystkultur, livet i havet, og dei er ute i båt og fiskar.
På Sunnfjord Museum er vi også ut i båt på Movatnet som ligg rett nedanfor friluftsmuseet. Borna får lære å ro og sette garn. I 2023 fekk vi ca. 350 aure på dei tre dagane vi sette garn og fiska med borna. Alt laga vi nydeleg middag av, og det skal vi etter planen også gjere i år. Vi håpar på bra fangst!", seier museumspedagog og leiar for Sommarleik, Nina Renate Brendsdal.

Påmelding og pris

Nytt lenka for påmelding (opnar eit skjema i Google forms)

Det er bindande påmelding. Frist for påmelding er 3. juni.

Pris: Kr. 900,-

Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå til oss så fort som mogleg. Ring 57 72 12 20 eller send epost til sum@misf.no.
Avmeldingsgebyr er kr. 500,- fram til 3. juni. Melder du deg av etter dette må du betale full kursavgift. Same regel gjeld om det er sjukdom eller andre årsaker.
Vi sender faktura etter påmeldingsfristen.

Ved avlysing, i tilfelle av ufortsette hendingar frå arrangør si side eller for få deltakarar, refunderast fullt kursbeløp til deltakaren.

Kurset har plass til 15 born.
Vi har ikkje høve å sette opp venteliste. Dersom det er ledige plassar etter 3. juni, vil vi legge ut informasjon og påmelding til desse plassane.

Tidspunkt for Sommarleik: 24.- 26. juni, Klokka 09.00 - 15.00, alle dagar.

Portrett av tilsett som jobbar på Sunnfjord Museum.
Museumspedagog på Sunnfjord Museum, Nina Renate Brendsdal, er ein av dei vaksne som borna møter på Sommarleik.

Det er mange vaksne som er saman med borna på dei ulike aktivitetane. Også i år har vi med oss ei gruppe spreke pensjonistar som tidlegare var «Movika not- og samkomelag». Gruppa var aktive med fiske, matlaging og roing i trebåt her i Movatnet. Dette er kunnskapsrike karar som deler av sine erfaringar vidare til borna, noko som absolutt er gull verdt!
I tillegg møter borna handverkarane på museet, Stig Magne Spjutøy og Knut Arve Helle. Dei lærer borna smiing og spikking i treemne. Vi ynskjer at borna skal få lage noko desse dagane, som dei får med seg heim og som kan brukast heime. Det blir også andre små-aktivitetar undervegs som til dømes å stelle geitene og prøve andre typar handverk.

Vaksne og born som grillar ute. Partytelt nede på flaken i museumstunet.
Fisken vi får lagar vi nydeleg lunsj av. Her frå Sommarleik i 2023.
Ei gruppe barn sit og spikkar med kniv.
Handverkar Stig viser borna å bruke spikkekniv, og lærer dei å lage noko ut av treemne.
Jente slår på varmt jern med hammar, medan handverkar hjelper til.

"Eg håpar på like bra påmelding i år som i fjor, og at vi får tre kjekke dagar saman i juni!", seier Brendsdal.

Spørsmål?

Ta kontakt med museumspedagog Nina Renate Brendsdal på tlf. 41 42 19 59 eller send ein e-post til ninbre@misf.no.