Kulturrådet gjev 1,9 millionar til arbeid med mangfald og inkludering i musea.

I tildeling av midlar frå museumsprogrammet Samfunn, makt og ansvar for 2018-2020, har Kulturrådet gjeve støtte til prosjektet «Uenighetsfellesskapet», der Musea i Sogn og Fjordane er ein av ti samarbeidspartnarar.

«Uenighetsfellesskapet» er eit nytt prosjekt for Nasjonalt museumsnettverk for minoriteter og kulturelt mangfold (Mangfoldsnettverket). Prosjektet har som formål å undersøke korleis arbeid med motstand og friksjon kan brukast til å utvikle og tenke nytt om metodar og strategiar for minoritets- og mangfaldsarbeid i musea. Musea i Sogn og Fjordane deltek med eit forskingsprosjekt omkring tematikken «Usemje, motstand og avlæring som føresetnad for endringsarbeidet i musea».

- Arbeidet med inkludering og deltaking er ei sentral satsing i den nye strategiplanen til Musea i Sogn og Fjordane, seier seniorrådgjevar Thomas Walle.

- Det er ein forventing frå myndigheitene at musea skal vere relevante og aktive samfunnsaktørar, og vi drøftar no internt i stiftinga korleis vi kan spisse samfunnsrolla vår. Når fleire stemmar skal høyrast og musea skal tore å ta tydeleg standpunkt, er det openbert at også usemja kan auke. I prosjektet «Uenighetsfelleskapet» skal deltakarene undersøke korleis usemje kan vere ein produktiv kraft i musea sitt arbeid, seier Walle.

- Det er vidare verd å merka seg at inkludering og mangfald er ei viktig satsing i den nye regionalplanen for kultur, som Sogn og Fjordane fylkeskommune arbeidar med.     

På nettsida til Kulturrådet uttalar Ole Jakob Furset, leiar for museumsseksjonen i Kulturrådet, seg om prosjektet som har fått 1,9 millionar i støtte over ein periode på tre år:

- Problemstillingar rundt inkludering, integrering og mangfald er svært aktuelle i vår tid og det er behov for nyansert refleksjon over både praksis og strategiar.

- Kulturrådet har stor tro på at dette prosjektet vil bidra til akkurat det. Det er positivt at så mange museum over heile landet deltek med delprosjekt, det sikrar integrering i ordinær verksemd.

 

Sandane, 10.10.18

Kontaktperson:

Seniorrådgjevar museumsfag
Thomas Walle

Tlf: 926 22 055