Susanne H.G. Poulsson er tilsett som ny avdelingsleiar for Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand. Poulsson tek til i jobben 15.februar. Ho har tidlegare vore tilsett som førsteamanuensis ved Høgskulen Kristiania og på Handelshøgskulen BI i Oslo, der ho har vore forskar og forelesar på fagområder som reiseliv, attraksjonsutvikling, kultur og opplevingsøkonomi.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) vart etablert i 2009 som eit resultat av den nasjonale museumsreforma. Reforma skulle gje sterkare fagleg samarbeid og betre og meir rasjonell museumsdrift. Den gongen vart De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane kunstmuseum, Sogn Kunstsenter, Astruptunet, Eikaasgalleriet og Anders Svor Museum konsolidert inn. Seinare har Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad kome til.