Oversikt over publikasjoner laga av tilsette i MiSF f.o.m 2017:
-
Soapstone in the North. Quarries, Products and People 7000 BC - AD 1700
Redigert av Gitte Hansen og Per Storemyr
Per Storemyr, som arbeidar ved Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad, har saman med Gitte Hansen ved Universitet i Bergen vært redaktør for boka som omhandlar bruk av kleberstein i Noreg og det nordatlantiske område. Per har sjølv bidrege med artikkelen Reconstructing a Mediaval Underground Soapstone Quarry: Bakkaunet in Trondheim in an International Perspective, skrive saman med Tom Heldal frå Norges geologiske undersøkelse. Artiklane i boka er fagfellevurdert. Boka er tverrfagleg og knyter saman perspektiv frå arkeologi, geovitskap og tradisjonelt handverk. Dei fleste artiklane tar føre seg nordisk jarnalder og mellomalder, men tidsspennet i boka går frå mesolittisk tid til den tidlige moderne æra. Boka omhandlar tema knytt til steinbrot og produkt, samt menneska og institusjonane som nytta dei. Det har i dei siste åra vore ei gjenoppliving av grunnleggande arkeologisk og geologisk forsking kring tilgang til og bruk av steinressursar.
Boka er opent tilgjengeleg, og kan lastast ned her.
-
Årbok for Sogn 2017 – Kyrkje og kristenliv
Redigert av Anna Jorunn Avdem
Årbok for Sogn vert gjeve ut av De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, og inneheld bidrag både frå museet sine tilsette og andre forfattarar. Årboka er i år sett i samband med reformasjonsjubileeet, som òg har prega aktivitetane ved museet i 2017. For 500 år sidan, den 31. oktober 1517, sette Martin Luther opp 95 tesar mot avlatshandelen på kyrkjedøra i Wittenberg og utløyste dermed reformasjonen. Dette er hovudgrunnen til at kyrkje og kristenliv er valt som tema for denne årboka.
Les meir om årboka her.
-
Jul i Nordfjord 2017
Ansvarleg redaktør Anne Kristin Moe
Jul i Nordfjord er eit julehefte med kulturhistorisk og litterært innhald som omhandlar Nordfjord, og blir gitt ut av Nordfjord Folkemuseum. Heftet har ei blanding av lengre og kortare tekster, og spenner over eit tidsspenn som går attende til vikingtida og fram til nyopna turistattraksjonar.
Les meir om Jul i Nordfjord her.