Sunnfjord Museum
Sunnfjord Museum ligg ved Movatnet langs E39 like aust for Førde sentrum. Dette er eit kulturhistorisk museum med samlingar og utstillingar som speglar dagleglivet til folk flest i Sunnfjord gjennom tidene.
Friluftsmuseet består av ein opphaveleg husmannsplass, og eit rekonstruert klyngetun med urtehage, støl og kulturlandskap.
Bygningane i friluftsmuseet kjem frå heile Sunnfjord, og syner eit tidsspenn i byggeskikk frå 1500 til kring 1900. Museet ligg i naturvakre omgjevnader. Her finn du fleire turstiar med informasjonstavler som fortel om den lokale natur- og kulturhistoria.
Vi tilbyr omvising til alle gjester i friluftsmuseet. Museumsbutikk og kiosk.
Planlegg ditt besøk
Adresse
Jølstravegen 107 6819 Førde Tlf: +47 57 72 12 20 sum@misf.no |
Opningstider
2. juni - 18. juni | måndag - fredag | Kl 10-15 |
19. juni - 16.aug | måndag - fredag | Kl 10-17 |
laurdag og søndag | Kl 12-17 | |
17.aug - 30.aug | måndag til fredag | Kl 10-16 |
1.sept - 31.Des | måndag til fredag | Kl 10-15 |
Billettprisar
Vaksne | NOK 70,- |
Born 0-18 år | Gratis |
Student / honnør | NOK 50,- |
Grupper | NOK * 60,- |
* Minimum 10 personar
For meir informasjon besøk Sunnfjord Museum sin nettstad.