Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/familieverkstad_aktivitet_born_kunstmuseet.jpg.

Familieverkstad: Strandabroderi

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Denne laurdagen får borna prøve å brodere motiv frå utstillinga Kunst i dei tusen heimar - Stig på!

kunstmuseet/familieverkstad_broderi_kunstmuseet.jpg.
På verkstaden får borna utdelt ein miniversjon av Alt Går Bra sitt Strandabroderi.

Kunstnarduoen Alt Går Bra har i høve utstillinga laga eit broderi-kit med motiv inspirert av Strandamåleria. På verkstaden får borna utdelt stramei, nål og tråd. Dei får hjelp med å sy riktige sting og vegleiing i korleis dei skal brodere etter motiv. Mindre born får brodere på stramei utan motiv der dei kan brodere heilt fritt og utan "oppskrift". Alle får ta med broderiet sitt heim, ferdig eller uferdig - i så fall kan ein kose seg med å brodere vidare heime!

kunstmuseet/alt-gar-bra_strandamaleri_broderi_kit.jpg.
Til venstre: eit typisk Strandamåleri. Til høgre: brodert versjon av måleriet til venstre / Alt Går Bra sitt Strandabroderi-kit, stor størrelse (dette er til salgs i museumsbutikken).

Familieverkstaden er gratis for born i følge med betalande vaksen. Born under 12 år må bli følgt av ein føresett på verkstaden.

For vaksne med årskort på museet er verkstaden gratis. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet, du kan kjøpe billett på førehand eller i resepsjonen ved ankomst. Billetten gjev også inngang til alle utstillingane.

-

Merk: alle som vil delta på verkstaden må registrere seg i resepsjonen først. Borna får utdelt sin gratisbillett der.

-

Kunstmuseet inviterar til månadleg familieverkstad, som regel siste laurdag i månaden. Følg med på nettsida vår eller facebook for meir info om kvar verkstad.