ANDERS SVOR MUSEUM
Anders Svor Museum galleri og skulpturhage finn du i Hornindal. Her finn du kjende verk til billethoggaren Anders Svor.
Anders Svor Museum er eit urbant innslag i den vesle bygda Hornindal. Den kjende billet- hoggaren Anders Svor (1864-1929) vart født i Hornindal, han hadde fleire offentlege oppdrag og du finn fleire av verka hans m.a. i Oslo. Anders Svor sin kunst er kjenneteikna av det enkle, reine og rotekte. Svor arbeidde i ein
naturalistisk og nyromantisk stil. Galleriet har skulpturar i gips, leire og bronse.
Anders Svor var ein bondegut frå Hornindal, som allereie som gut viste uvanlege evner i treskjæring. Som syttenåring fekk han arbeid som treskjerar ved Brødrane Hals pianofabrikk i Kristiania, og elev ved Den Kgl. Tegneskole. I 1891 fekk han sitt kunstnarlege gjennombrot då han vann gullmedalje for skulpturen «David» på den internasjonale kunstutstillinga i Berlin.
Planlegg ditt besøk
Adresse
Grodås, 6761 Hornindal E-post: sfkm@misf.no |
Opningstider:
22.06-01.09. | mån-fre | kl. 10-16 |
laur-søn | kl. 11-16 |
Elles ope etter avtale, ta kontakt på 95 10 15 76
Billettprisar:
Utan guide | |
Vaksne | NOK 50,- |
Born 0-18 år | Gratis |
Grupper 3+ | NOK 35,- |
Med guide | |
Vaksne | NOK 75,- |
Honnør | NOK 50,- |
Grupper 10*+ | NOK 50,- |
* Grupperabatt kun i ordinær åpningstid
For meir informasjon besøk kunstmuseet sin nettstad.