Sogn Kunstsenter


SOGN KUNSTSENTER

Ved Sogn Kunstsenter er det utstilling av kunstverk av Hans Gjesme. Sogn Kunstsenter er samlokalisert med Norsk Villakssenter i Lærdal Kulturhus på Lærdalsøyri. Her finn du samlinga til målaren Hans Gjesme.

Målaren Hans Gjesme (1904-1994) er fødd og oppvaksen i Lærdal. Gjesme tok allereie som sekstenåring til i lære hos Pola Gauguin  i Kristiania. Seinare var han nokre måneder i Paris, mellom anna som elev hjå André Lhote. 

Gjesme arbeidde i ein naturalistisk stil, med landskap og folk i Lærdal som hovudmotiv. Han budde det meste av livet sitt i Lærdal og har donert over 1500 verk til Lærdal kommune. 
Sogn Kunstsenter 

I sommar syner vi Hans Gjesme og årstidene – basisutstilling. I denne utstillinga ønskjer vi å syne fram eit underliggande tema i mange av Hans Gjesme sine måleri, trass ulike motiv; nemleg årstidene. 

Planlegg ditt besøk

Adresse

6887 Lærdal
Tlf: +47 48 27 57 26

sfkm@misf.no
 

Opningstider

Opningstider:

14.06-12.08 (tys-søn)   Kl 11-16  


Billettprisar:

Utan guide  
Vaksne NOK 50,-
Born 0-18 år Gratis
Grupper 3+ NOK 35,-
Grupper 10*+ NOK 50,-

* Grupperabatt kun i ordinær åpningstid

For meir info besøk kunstmuseet sin nettstad.