Musea i Sogn og Fjordane har tilsaman 13 museum spreidde i heile fylket, og 7 avdelingar. Vi har samla 50 årsverk, og dekker eit vidt spekter av lokal, regional og nasjonal kunst- og kulturhistorie.

KYSTMUSEET I SOGN OG FJORDANE HAR LEDIG 100% STILLING SOM MUSEUMSVERT

Formidling
 

Kort om Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Kystmuseet i Sogn og Fjordane har hovudbase i Florø med tre utstillingsbygg og stort kulturlandskap med antikvariske bygg. Utstillingane formidlar natur- og kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane. Her er stor båtsamling, gjenstandar frå bygd og by ved kysten, og ei utstilling om den moderne oljeverksemda. Les meir om Kystmuseet i Sogn og Fjordane på heimeside.

Arbeidsoppgåver:

  • Museumsbutikk
  • Merkantile oppgåver
  • Publisere på digitale plattformer
  • Mottak av besøkande
  • I samråd med avdelingsdirektør og formidlingsleiar noko formidlingsoppgåver

Kvalifikasjonar:

  • Røynsle frå kontorarbeid og fyrstelineteneste
  • Ønskeleg med interesse for museums- og kulturvernarbeid
  • God munnleg- og skriftleg framstillingsevne
  • Gode data- og språkkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt
  • Målretta og strukturert
  • Gode samarbeidsevne

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er inne i ein organisasjonsprosess, og dette kan føre til endringar i stillinga sitt innhald og arbeidsoppgåver.

Søkjar må vere fleksibel i høve til intensive arbeidsperiodar. Det må påreknast noko reising, kvelds og helgearbeid. Stilling blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale.

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til avdelingsdirektør Berit Høivik tlf.95801708 .Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.

Søknad med CV sendast innan 09.04.2019 til stilling@misf.museum.no, eller i post til Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane. Merk søknad « Museumsvert KSF» 

For full utlysningstekst sjå vedlegg. 


KYSTMUSEET I SOGN OG FJORDANE HAR LEDIG STILLING SOM DRIFTSANSVARLEG 

Kystmuseet

Om Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Kystmuseet i Sogn og Fjordane har hovudbase i Florø med tre utstillingsbygg og stort kulturlandskap med antikvariske bygg. Utstillingane våre formidlar natur- og kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane. Vi har ei stor båtsamling, gjenstandar frå bygd og by ved kysten, og ei utstilling om den moderne oljeverksemda. Les meir om Kystmuseet i Sogn og Fjordane på heimesida.
Arbeidsoppgåver:
•    Drift og vedlikehald av bygg, følge opp driftsplanar og vedlikehaldsplanar for friluftsområde/hage og tekniske anlegg ved dei ulike lokasjonane våre
•    Delta på prosjekt saman med handverkarane ved museet
•    Vaktmeister oppgåver
•    Delta i museumsfaglege oppgåver generelt

Kvalifikasjonar:
•    Ønskeleg med eitt eller fleire fagbrev frå handverksfag/byggrelaterte fag, eller byggetekniske fag, praktisk erfaring og røynsle kan kompensere for manglande fagbrev
•    Ønskeleg med diverse sertifisering knytt til drift og vedlikehald av bygg 
•    Ønskeleg med førarkort klasse B E, erfaring med anleggsmaskiner 
•    Ha eigen bil
•    Gode norskkunnskapar
•    Erfaring og interesse for tekniske anlegg og FDV dokumentasjon
•    Datakunnskap

Det er ei føremon om søkar er historie og kulturinteressert. Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er no inne i ein organisasjonsprosess, og dette kan føre til endringar i innhaldet i stillinga og arbeidsoppgåver. 

Søkjar må vere fleksibel i høve til intensive arbeidsperiodar. Det må påreknast noko reising, og kvelds og helgearbeid. Stilling blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale.
Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til avdelingsdirektør Berit Høivik tlf.958 01 708.

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg. Søknad med CV sendast innan 23.03.2019 til stilling@misf.museum.no, eller pr. post til Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane. Merk søknad
«Driftstsansvarleg KSF»
 
 For full utlysningstekst sjå vedlegg.