Marie Nicolaisen er tilsett som avdelingsleiar ved Sunnfjord Museum

Avdelingsleiar SUM

Marie er 33 år og utdanna kulturhistorikar frå Universitet i Oslo. Etter studiane har ho jobba ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk ved Universitetet for Oslo, og kjem no frå stilling som rådgjevar for digital kulturformidling i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ho har mange års erfaring frå frivillig lagsarbeid.

Marie har eit brennande engasjement for formidling av kultur og historie. Ho gler seg til å vere med å utvikle Sunnfjord Museum i åra framover.

Marie er frå Rauland i Telemark, og har etter det budd i Wales, Oslo og Sogndal. Ho vart bergtatt av Sogn og Fjordane fyrste gong ho kryssa Sognefjorden og gler seg til å no også bli betre kjend med, og oppleve Sunnfjord. 

Ho tek til i stillinga 3.september.