Pressemelding: Musea i Sogn og Fjordane har hatt ein besøksvekst på 4,7% ved utløpet av august

Barnas kystmuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane

«Årets sesong er den beste sidan 2012. Det er godt vi nøgde med. Fleire av våre museum har hatt godt sommarbesøk. Det er likevel stor variasjon mellom musea, og det viser at det er godt potensiale for ytterlegare vekst i besøkstala. Dette vil vi arbeide med å utvikle vidare i tida framover», seier administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane Kjartan Aa Berge.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane har hatt sterk vekst og mange aktivitetar hittil år. Ei viktig forklaring på den sterke besøksveksten er deltakinga på Fjordsteam i Bergen med autolinebåten «Haugefisk». Heile 2.496 personar besøkte båten. I tillegg til «Barnas Kystmuseum», konsertar og aktivitetsveker, har Kystmuseet hatt stor aktivitet på formidlingsopplegg for skular og barnehagar.

Norsk Reiselivsmuseum har også hatt ein sterk vekst i tal besøkande. Her er det særleg spennande å registrere at betalande besøkande har hatt ein auke på heile 18%. Noko av forklaringa på veksten kjem av at vi har satsa ekstra på gruppemarknaden, og at vi har vore fleksible også utanom ordinær opningstid. Vi har dessutan fått til eit godt samarbeid med lokale reiselivsaktørar og andre lokale arrangørar. Vi har motteke mange gode tilbakemeldingar på omvisingane, og ikkje minst våre heimelaga kaker, så ryktet om at museet er verdt eit besøk ser ut til å ha spreidd seg.

 Tilbakemeldingar frå våre besøkande på Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde er også gode, og vi erfarer ein god auke blant utanlandske turistar. Men likevel har museet hatt ein nedgang i besøkstala. Hovudforklaringa er færre utstillingsopningar i 2018 samanlikna med året før. Evaluering av årets sesong og planlegging av 2019-sesongen vil bli nokre av dei første oppgåvene som nytilsett avdelingsdirektør Hanne Storm Ofteland vil gripe fatt i når ho kjem 1.oktober.

Hittil i år har vi opplevd ein liten nedgang i besøkande på Astruptunet samanlikna med i fjor. Vi hadde ein dårleg start på sesongen, men besøkstala har tatt seg godt opp utover sommaren. I haust og utover våren til neste år vil det bli reparasjons- og oppgraderingsarbeid på tunet. Anleggsarbeidet vil medføre at opplegget for 2019-sesongen blir annleis enn i år. Tilbodet på tunet til neste år vil difor bli noko avgrensa, men det vil vere opent for publikum.

Sogn Kunstsenter har hatt ein god prosentvis auke i besøket samanlikna med 2017, men besøket er framleis for lågt i høve til det vi meiner er potensialet for Hans Gjesme sin kunst.

Sjølv om utstillinga «Frå likskap til brorskap til fridom» har vore godt motteke har Eikaasgalleriet ein liten nedgang i besøkstala. Ei viktig forklaring nedgangen er færre besøkande skuleklassar samanlikna med 2017.

Anders Svor Museum har besøk på same nivå som 2017, men det er framleis potensiale for å auke besøket til museet.

De Heibergske Samlinger- Sogn Folkemuseum hadde ein god sesong i fjor, og tangerer om lag tala i år. Museet har vidareført det gode samarbeidet med Visit Sognefjord og andre reiselivsaktørar, og vi ventar turistgrupper fram til midten av oktober.  

Etter fleire år med god besøksvekst er årets tal for Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad om lag på same nivå som i 2017.  I Kvernsteinsparken har vi utvikla eit variert og populært opplegg med ulike aktivitetar, til dømes det å få lage klebersteinssmykke, maling av korn og brødbaking over bål. Nytt av året er Trollstien, som er ein attraksjon retta mot familiar med små born. Den nye kalkomnen stod i parken ferdig i august, og det ligg heile 3000 dugnadstimar for å kome i mål. Omnen skal produsere brentkalk til Noreg sine gamle steinbygningar.

Nordfjord Folkemuseum sine besøkstal er om lag på nivå med fjoråret. Museet har godt samarbeid med skulane, og har stort aktivitet på ulike formidlingsopplegg. Samarbeidet med Visit Nordfjord har synt at vi har eit ytterlegare potensiale i turistsesongen.

Sunnfjord Museum har hatt ein nedgang i besøkstalet samanlikna med i fjor. Hovudforklaringa på dette er  færre arrangement og mindre aktivitet i sommar. Med Marie Nicolaisen på plass som ny avdelingsleiar 3.september ser vi no fram til planarbeidet for neste sesong.

BESØKSSTAD

31.08.2018

31.08.2017

Endring 17-18

Endring i %

KYSTMUSEET I SOGN OG FJORDANE

8 771

4 542

4 229

93,1 %

NORSK REISELIVSMUSEUM

5 865

3 860

2 005

51,9 %

SOGN KUNSTSENTER

363

300

63

21,0 %

DE HEIBERGSKE SAMLINGER/SOGN FOLKEMUSEUM

13 475

13 640

-165

-1,2 %

NORSK KVERNSTEINSENTER

2 787

2 867

-80

-2,8 %

ANDERS SVOR MUSEUM

505

527

-22

-4,2 %

NORDFJORD FOLKEMUSEUM

3 480

3 730

-250

-6,7 %

ASTRUPTUNET

3 963

4 450

-487

-10,9 %

SUNNFJORD MUSEUM

4 760

6 161

-1 401

-22,7 %

SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM

4 177

5 413

-1 236

-22,8 %

EIKAASGALLERIET

1 068

1 505

-437

-29,0 %

SUM

49 214

46 995

2 219

4,7 %

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge:  414 46 439

E-post: kjartan.aa.berge@museum.misf.no