NYHENDE

- Vi treng gode verktøy for å drive museum. Ein felles framtoning og nye logoar som tek vare på det enkelte museum sin identitet, er eitt av dei, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. 

Kronikk av administrerande direktør Jan Heggheim - Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Foto: Utkast til verne og formidlingsbygg - Holvikejekta, arkitekt Ola Sendstad

Etter at Vestland fylkeskommune løyvde den siste tredjedelen av byggekostnaden, kan no sluttprosjekteringa ta til. Totalkostnaden er rekna til 33 millionar kroner.

Musea i Sogn og Fjordane har kjøpt inn 34 kunstverk til samlinga ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, med nytt tilleggstilskot frå Kulturdepartementet i høve koronapandemien. Etter to rundar med ekstraordinære innkjøp har MiSF no kjøpt inn totalt 75 kunstverk av 47 kunstnarar. - Gjennom desse tilskota får museet ein gylden sjanse til å sikre seg kunst som supplerer samlingane på glimrande vis, seier Avdelingsdirektør for Kunst i Musea i Sogn og Fjordane, Tor Martin Leknes.

Pressefoto: Jan Heggheim, Foto: Vestland fylkeskommune

Jan Heggheim (59) tar fatt på rolla som ny administrerande direktør for Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane og tar med seg verdifull erfaring frå ei innhaldsrik karriere, seinast i fylkeskommunen.

Etter at noverande administrerande direktør Kjartan Aa Berge sa opp si stilling i Musea i Sogn og Fjordane i vår, har stiftinga gjennomført ein grundig rekrutteringsprosess for å finne sin nye leiar. Styret melder at prosessen er avslutta og Jan Heggheim blir ny leiar for stiftinga.