Bjørg Anita Espe Bolset Foto:PwC.no

Foto: Bjørg Anita Espe Bolseth, PwC.no

Pressemelding: Bjørg Anita Espe Bolseth tilsett som personalsjef ved Musea i Sogn og Fjordane.

Dette er ei nyoppretta stilling i musea. Bolseth har ein mastergrad i internasjonal HR-leiing og kjem frå stillinga som HR-rådgjevar hos PricewaterhouseCoopers Norge (PwC).

«Eg brenn for personalområdet og gler meg til å få vere med på å utvikle fagfeltet i ein kulturinstitusjon både frå ein operativ og strategisk ståstad», seier Bolseth. «Eg ser fram til å ta fatt på denne spennande utfordringa», legg ho til.

«Vi er svært glade for at Bjørg har takka ja til stillinga som personalsjef. Organisasjonsutvikling er eit svært viktig område for musea, og i dette arbeidet vil Bjørg få ei sentral rolle» seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge ved Musea i Sogn og Fjordane. Bolseth er tiltrer i stillinga 1.januar 2021.

Sandane - 11.09.2020

Kontaktperson:

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge tlf. 41 44 64 39 / kjartan@misf.no