Holvikejekta trygt forvart i verne-og formidlingsbygg. Arkitekt Ola Sendstad

I Museumsmeldinga som vart lagt fram 26.mars kom det fram at regjeringa foreslår eit særskilt løft for kystkulturen og bygningsarven ved musea. Som del av satsinga på kystkultur og bygningsarv vil Regjeringa prioritere investeringsmidlar til eit verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta.

«Dette kom svært overraskande på oss. Men det er sjølvsagt utruleg gledeleg», seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge.

«No gjenstår det å få på plass ein samla finansieringspakke med Gloppen kommune og Vestland fylke til prosjektet. Med Kulturdepartementet i ryggen trur vi dette arbeider blir mykje enklare», avsluttar han.

 

 

Sandane/26.03.2021

Kontaktpersonar:

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge, tlf. 41 44 64 39 / kjartan@misf.no

Museumsleiar Anne Kristin Moe, tlf 951 41 894 /anne.kristin.moe@museum.misf.no