Kunstverk: Magnhild Øen Nordahl: The Frisbee Perpective Foto: Maya Økland/ Vestlandsutstillingen

Musea i Sogn og Fjordane har kjøpt inn 41 kunstverk til samlinga ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, med bakgrunn i tilleggstilskot frå Kulturdepartementet i høve koronapandemien.

«Ei unik moglegheit til å fylle ut samlinga ved kunstmuseet, og eit stort løft både for kunstnarane og galleria som er hardt råka av smitteverntiltaka som har ført til nedstenging av kulturlivet», seier avdelingsdirektør for kunst ved Musea i Sogn og Fjordane, Tor Martin Leknes.

Da koronapandemien tvang regjeringa til å stengje ned samfunnet i mars 2020, blei fleire økonomiske stimuleringstiltak sett i verk. Eit av områda som ikkje blei dekt av dei mange tiltaksordningane var det visuelle kunstfeltet. Både utøvande kunstnarar og distribusjonsledda – galleri og andre visningsstader – merka eit kraftig fall i omsettinga, i ei bransje der inntekta allereie ofte er låg og usikker. Som følgje av dette vedtok Kulturdepartementet i oktober 2020 å løyve tilleggstilskot til fleire av dei regionale kunstmusea, for å stimulere til skapande kunstnarleg aktivitet i alle delar av landet. Musea i Sogn og Fjordane er eitt av desse musea, som gjennom to rundar med tilleggstilskot blei løyvd til saman kr. 2 000 000 for budsjettåret 2020. Løyvinga måtte nyttast snarast mogleg, og seinast innan utgangen av fyste kvartal 2021.

Eit innkjøpsutval ved Musea i Sogn og Fjordane, oppnemnd av administrerande direktør, har hatt ansvar for å velje ut kunstnarar og kunstverk. I tilskotsbrevet frå Kulturdepartementet står det at midla er øyremerka innkjøp av samtidskunst, og vi har lagt til grunn at innkjøp skal gjerast frå nolevande kunstnarar. Musea i Sogn og Fjordane har vidare tolka oppdraget i tilskotet som eit tiltak som skal treffe breitt, der eit mangfald av kunstnarlege uttrykk både frå etablerte og yngre kunstnarar har vore styrande.

«Det har vore krevjande å kjøpe inn kunst i ein situasjon der mange visningsstader har vore stengd og der det har vore restriksjonar på reising. Heldigvis er dei fleste kunstnarar til stades på internett, og vi har også nytta vår kjennskap til kunstfeltet frå tidlegare arbeid. Museet er særs nøgd med å ha kjøpt inn kunstverk frå 29 kunstnarar og at det er handla gjennom 11 ulike galleri og visningsstader», seier Leknes

I val av kunstnarar og kunstverk, har Musea i Sogn og Fjordane jobba langs fem «hovudspor»:

  • Kunstnarar/kunstnarskap med tilknyting til Sogn og Fjordane, gjennom å kome frå, ha budd i, tematisert eller utøvd sitt kunstnarskap i regionen
  • Kunstnarar som nyttar tekstil og tekstile teknikkar, med bakgrunn i samlingsprofilen ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum og ei planlagd utstilling av tekstilkunst
  • Utjamning av kjønnsbalanse i representasjon av kunstnarar og kunstverk
  • Kunstverk som speglar mangfaldet av kunstnarar i Noreg, m.a. knytt til etnisk tilhøyrsel, urfolksbakgrunn og seksualitet
  • Hol i samlinga og breiare representasjon av kunstnarskap som allereie er i samlinga

Dette har vore rettleieande i arbeidet til innkjøpsutvalet, utan at det har vore brukt som absolutte kriterium. Til grunn for alle val av kunstverk har vore ei fagleg vurdering med støtte i kompetansen ved Musea i Sogn og Fjordane. I nokre høve har kunstnarar og kunstverk passa inn i fleire av spora som utvalet har jobba etter, men det er også døme på kunstnarskap som er valt med særleg vekt på eitt av desse spora.

Ei prioritert oppgåve for museet når vi etter kvart har fått alle kunstverka i hus, vil vere å registrere, fotografere og gjere verka tilgjengeleg digitalt for publikum. Det vil også leggast planar for å vise desse verka i kommande utstillingar, t.d. gjennom ei samla framsyning av «koronainnkjøpa» ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Med bakgrunn i ei vedvarande utfordring knytt til nedstenging som følgje av  kornapandemien, har Kulturdepartementet løyvd ekstra tilskot til innkjøp av samtidskunst også for 2021. Musea i Sogn og Fjordane startar i desse dagar opp arbeidet med å nytte desse midla.

«Vi er utruleg glade for den moglegheita Musea i Sogn og Fjordane har fått til å utvikle samlinga på ein måte som er til glede både for kunstnarane, distribusjonsledda, publikum og museet. Vi kjenner på eit stort ansvar for å nytte tilskotsmidla på ein måte som kjem utøvande kunstnarar til gode, og er godt nøgd med den jobben vi har gjort», avsluttar Leknes 

Det er kjøpt kunstverk frå følgjande kunstnarar, i nokre tilfelle er det kjøpt fleire verk av same kunstnar:

  • Kristina Aas: Unweaving II
  • Ingunn Bakke: Sandesamlingen 1969, «Tøyskulpturer» og «Pleksiglass x 20»
  • Sofie Berntsen: The crossing of rubicon og Historien om D'Alexanndre le Grand
  • Maria Brinch: Stay Safe On Iron III
  • Gerd Endestad: Opp og Sprengt
  • Kent Fonn Skåre: Jumbo
  • Elisabeth Haarr: Spottekrune
  • Turid Haye: Hvit søyle
  • Eli Mai  Huang Nesse: I'm starting to forget my grandparents name
  • Søren Krag: Deux Mille Fleurs
  • Sarah Lindström: Sottobosco I, II og IV
  • Lars Korff  Lofthus: Utan tittel (krunebrur)
  • Cato Løland: Vev II
  • Karen Helga Maurstig: Rekved
  • Ragna Misvær Grønstad: «Saltvannsblomst #11 Chimamanda Ngozi Adichie» og «Saltvannsblomst #15 Virginia Woolf»
  • Linda Morell: Amygdala og Balsam
  • Audgunn Naustdal Holsen: Dans 1-4 og Oppsamling
  • Janne Nes: Gul/sort
  • Pearla Pigao: Different kinds Of water IIIII
  • Hans Hamid  Rasmussen: Kasbah Walking 7 og 14
  • Hanna Roloff: Citroner
  • Vilde Salhus Røed: After The Masters 1-3
  • Jone Skjensvold: True Colours 2
  • Anne-Lise Stenseth: Ljoske
  • Yola Marie Tsolis: Drammen II
  • Ahmed Umar: Would any of you like to eat a dead brothers flesh?
  • Lin Wang: «Do you eat dog» og Batsoup
  • Apichaya Wanthiang: The water came up to this line
  • Magnild Øen Nordahl: The Frisbee Perspective

Kontaktperson:
Avdelingsdirektør Tor Martin Leknes
Sogn og Fjordane Kunstmuseum
TorMartin.Leknes@misf.museum.no / 466 93 897

Pressemeldinga finn de her i pdf-format.

Pressefoto: Tor Martin Leknes Foto: Musea i Sogn og Fjordane