I den seinare tida har det vore ein diskusjon i offentlegheita om Sunnfjord Museum si framtid som har skapt uklarheiter. Styret i Musea i Sogn og Fjordane ønskjer derfor å bidra med ei klargjering.


Arbeidstilsynssaka
30.november 2016 godkjente Arbeidstilsynet ein tiltaksplan utarbeidd av Musea i Sogn og Fjordane og lukka dermed avvika som tilsynet hadde avdekka tidlegare i 2016. Tiltaksplanen hadde ei kostnadsramme på 3 millionar kroner.Nokre av tiltaka er gjennomført, men dei mest kostnadskrevjande tiltaka har stått på vent av ulike årsaker, mellom anna grunna uvissa kring Kløften-prosjektet. Når Kløften-prosjektet no er lagt bort ønskjer styret i Musea i Sogn og Fjordane å få gjennomført denne tiltaksplanen så snart som mogeleg.


Planar for nybygg og ombygging
Musea i Sogn og Fjordane har lenge sett behovet for å utvikle Sunnfjord Museum som ein god og attraktiv kulturhistorisk formidlingsarena. Når Kløften ikkje kan realiserast, må vi utvikle eit nytt konsept. Dette er eit arbeid som Musea i Sogn og Fjordane vil prioritere høgt, og det er no etablert ei intern prosjektgruppe for eit nytt prosjekt. Denne gruppa er i gang med å kartlegge behova våre. Etter at behovskartlegginga er gjennomført er planen å utvikle eit nytt skisseprosjekt. Det vil ta noko tid å sikre tilstrekkeleg god kvalitet på dette prosjektet.


Styrevedtak
På bakgrunn av dette gjorde styret i Musea i Sogn og Fjordane 10.april følgjande vedtak:
«Styret syner til tiltaksplan for sikring av arbeidsmiljøet ved Sunnfjord Museum som Arbeidstilsynet har godkjent i brev datert 30.november 2016. Styret ber administrasjonen setje i verk tiltak i tråd med tiltaksplanen og godkjenner ei kostnadsramme på inntil 3 millionar kroner. Styret ber vidare administrasjonen om å prioritere bruk av inntil 1 million kroner til utvikling av eit skisseprosjekt for nybygg og ombygging ved Sunnfjord Museum i tråd med behovskartlegging. Styret føreset at administrasjonen finn finansiering til desse to tiltaka ved å omdisponere stiftinga sine eigne midlar. Styret ber administrasjonen førebu ein kvalitetssikra søknad om kommunale og fylkeskommunale investeringsmidlar i løpet av 2019.»


Førde/10.04.2019

Kontaktpersonar:

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge, tlf. 414 46 439 / Kjartan.Aa.Berge@misf.no
Styreleiar Laura Kvamme, tlf. 913 63 327