Pressemelding: Om Musea i Sogn og Fjordane sine prioriteringar

Musea i Sogn og Fjordane har registrert at det er blitt skapt eit inntrykk i offentlegheita om at Musea i Sogn og Fjordane skal ha prioritert ned utbetring av arbeidstilhøva ved Sunnfjord Museum. Det er ikkje rett.

For det første: Musea i Sogn og Fjordane har gjort eit vedtak om dei fire prosjekta som har prioritet framfor andre naudsynte investeringar i stiftinga. Dette gjeld Fellesmagasin i Angedalen, Verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta, oppgradering av Sunnfjord Museum og Kontor- og formidlingsbygg for Norsk Kvernsteinssenter. Alle desse fire prosjekta er vurdert av Musea i Sogn og Fjordane som viktige.

For det andre: Rekkefølga på prioriteringane er knytt til kva prosjekt Musea i Sogn og Fjordane skal sende søknad om statlege investeringstilskot til. Eit viktig moment i denne rangeringa er kor gjennomarbeidd dei aktuelle prosjekta er. I si vurdering av søknadar om tilskot over posten for nasjonale kulturbygg, er Kulturdepartementet tydeleg på at dei ønsker «gryteklare» prosjekt.

Utfordringa har vore omsynet til Kløften-prosjektet. Så lenge Kløften har vore den valte løysinga på utfordringane ved Sunnfjord Museum, har det vore lite rom for å løfte fram og drøfte alternative byggeprosjekt i Movika.

Dette må altså ikkje tolkast som at Musea i Sogn og Fjordane ikkje har ein sterk vilje til å gjere noko med arbeidstilhøva ved Sunnfjord Museum.

Når Kløften no ser ut til å vere lagt til side er det Musea i Sogn og Fjordane sitt ønskje å utvikle ei ny og framtidsretta løysing ved Sunnfjord Museum, som skal sikre gode tilhøve både for dei tilsette og besøkande. Det er sett ned ei intern prosjektgruppe i Musea i Sogn og Fjordane som arbeidar med desse planane. Vi vil ha fullt trykk på dette arbeidet i tida framover.

På oppmoding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune meldte administrasjonen 19. mars inn ei overordna og grov skisse om eit nytt investeringsprosjekt for Sunnfjord Museum. Det er forventa at denne skissa vert handsama i fylkestinget 24. april, saman med innmeldt behov for fylkeskommunal medverknad til dei andre prioriterte investeringsprosjekta ved Musea i Sogn og Fjordane. 

Sandane/22.03.2019

Kontaktperson:

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge, tlf. 414 46 439 / Kjartan.Aa.Berge@misf.no