Våren 2019 løyvde styret i Musea i Sogn og Fjordane pengar til rehabilitering av administrasjonsbygget på Sunnfjord museum. Onsdag 9. september 2020 vart det skrive under kontrakt med Drage Entreprenør AS om arbeidet. Rehabiliteringsarbeidet, som har oppstart i veke 40, er kostnadsrekna til om lag 6 millionar kroner og er planlagt ferdig til påske 2021.

Administrasjonsbygget ved Sunnfjord museum i Movika vart sett opp i 1980. Det vart då bygd som kontorstad for 1-2 tilsette. Bygget har vist seg å ikkje vere i samsvar med seinare krav til byggteknisk standard. Sunnfjord Museum har i dag seks tilsette og fire av desse har arbeidsstad inne i administrasjonsbygget. Dei dårlige arbeidsforholda har vore ei utfordring i lengre tid.

Det planlagde rehabiliteringsarbeidet skal oppgradere bygget til moderne standard for isolasjon og ventilasjon. Det skal også leggast nytt tak. Kontorlokala skal byggast om og ein vil få på plass eit nytt og moderne møterom som også vil fungere som pauserom for dei tilsette.

I arbeidsperioden vil dei tilsette på Sunnfjord Museum ha mellombels kontorstad i brakker på museumsområdet, og vil framleis kunne ta imot besøkande. Det vil vera noko aktivitet for besøkande på museet i byggeperioden, men dette er ikkje planlagt i detalj.

«Sjølvsagt skulle vi ynskje oss meir plass, særlig til formidling og utstillingsproduksjon, men denne rehabiliteringa er likevel eit stort løft for Sunnfjord museum og det museumsfaglige arbeidet. Vi gler oss til å kunne flytte inn i nye kontorlokale våren 2021 og ynskje besøkande velkommen til ny sommarsesong» seier museumsleiar Marie Nicolaisen.

Movika/09.09.2020

Kontaktperson: Museumsleiar Marie Nicolaisen, tlf 90 61 94 74 / marie.nicolaisen@misf.museum.no

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge tlf. 41 44 64 39 / kjartan@misf.no