Synnøve Bjørset, Foto Vestland Fylkeskommune Vegard Fimland

Foto: Vestland Fylkeskommune Vegard Fimland

Synnøve S. Bjørset er blitt tilsett som avdelingsdirektør kulturhistorie hos Musea i Sogn og Fjordane. Dette er ei nyoppretta stilling i musea, og ho vil få overordna ansvar for alle dei kulturhistoriske musea til Musea i Sogn og Fjordane med eit særskilt fokus på formidling, arrangement og utstillingar. Bjørset har ein mastergrad i utøvande folkemusikk og kjem frå stillinga som seniorrådgjevar i seksjon arkiv hos Vestland fylkeskommune (Fylkesarkivet). «Eg brenn for kulturhistorie og eg brenn for formidling av kulturarven – noko eg har jobba med både gjennom folkemusikken, og i arbeidet ved Fylkesarkivet», seier Bjørset. «Eg gler meg til å ta fatt på denne spennande utfordringa», føyer ho til. «Synnøve var den beste kandidaten. Vi er svært glade for at ho har takka ja og ser fram til eit godt samarbeid», fastslår administrerande direktør Kjartan Aa Berge ved Musea i Sogn og Fjordane. Bjørset er tiltrer i stillinga 1.desember.

 

Sandane 04.09.2020
Kontaktperson:
Adm. direktør Kjartan Aa Berge tlf. 41 44 64 39 / kjartan@misf.no