Pressemelding: Vernebygg til Holvikejekta er eit langsiktig kollektivt ansvar

I 2017 overtok Musea i Sogn og Fjordane og Nordfjord Folkemuseum ansvaret for ein søknad om Gloppen kommune hadde sendt til Kulturdepartementet om nytt formidlings- og vernebygg til Holvikejekta i 2016. Eit vilkår for statleg finaniseringstilskot er at det er ei tredeling mellom kommune, fylke og stat. Med den kommunale tredel på plass har Musea i Sogn og Fjordane stått svært sterkt i prosessen med å søke tilskot frå fylke og stat.


«På bakgrunn av dei tydelege signala frå Gloppen kommune har Musea i Sogn og Fjordane prioritert søknad om statleg investeringstilskot til nytt formidlings – og vernebygg til Holvikejekta på førsteplass etter at nytt museumsmagasin i Angedalen vart fullfinansiert», fastslår administrerande direktør Kjartan Aa Berge.

Musea i Sogn og Fjordane har brukt i underkant av ein million kroner av eigne midler til forbetre søknaden. Dette har gjeve ein betydeleg betre søknad og ein redusert investeringskostnad på nærare 20 millioner kroner samanlikna med Gloppen kommune si løysing.

Resultatet av dette grundige og systematiske forbetringsarbeidet er at nasjonale styresmakter har prioritert Holvikejekta. Norsk Kulturråd, som gjev faglege vurderingar til Kulturdepartementet, har dei siste åra vore på synfaring på jekta to gonger, og dei uttalte seinast no i november at dei er «positive til planen for et nytt verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta ved Musea i Sogn og Fjordane, og anser søknaden som ytterligere styrket og med god økonomisk forankring.» (Museumsnytt 4 2020).

Den 17.desember vart det kjent at Gloppen kommunestyre valte å stryke ei formulering i budsjettvedtaket for 2021 som gav støtte til arbeidet med å realisere eit vernebygg til Holvikejekta. Grunngjevinga er forankra i at Gloppen kommune har økonomiske utfordringar og at det er venta at kommunen kjem på ROBEK-lista i 2021.

«Vi er forbausa over korleis kommunen har agert i denne saka. Først startar dei ein søknadsprosess, dernest overlét dei ansvaret for det vidare arbeidet til musea og så trekk dei seg ut med ei kortsiktig økonomisk grunngjeving», seier museumsleiar Anne Kristin Moe ved Nordfjord Folkemuseum.
Med Gloppen kommune sitt budsjettvedtak for 2021 er det risiko for at musea må starte opp søknadsprosessen att med blanke ark.

«Vi fryktar at kortsiktige økonomiske omsyn fører til at Gloppen kommune sviktar sitt langsiktige kollektive ansvar for å ta vare på den lokale kulturarven», seier Moe og Aa Berge. Musea i Sogn og Fjordane vil ta kontakt med Gloppen kommune for å undersøke korleis ein kan finne langsiktige løysingar for korleis vi kan ta vare på Holvikejekta.
«Nytt vernebygg til Holvikejekta er for viktig til at eit budsjettvedtak skal sette ein stoppar for korleis fellesskapet skal ta vare på kulturarven vår», avsluttar dei.
Sandane/18.12.2020

Kontaktpersonar:
Administrerande direktør Kjartan Aa Berge, tlf. 41 44 64 39 / kjartan@misf.no
Museumsleiar Anne Kristin Moe, tlf 951 41 894 /anne.kristin.moe@museum.misf.no