Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/bakside.JPG.
Publisert 19/10/2023
Av Ingvild Førde

Bladslepp - Jul i Nordfjord 2023

Velkomne til lansering av årets utgåve av Jul i Nordfjord søndag 5. november kl. 18.00.

Søndag 5. november blir det bladslepp av Jul i Nordfjord 2023 på Nordfjord Folkemuseum.

Denne kvelden vil det vere innslag med nokre av bidragsytarane til årets julehefte.

Annette Langedal Holme har skrive ein artikkel om familien Bøe, den siste familien som budde på Vågsberget. Vågsberget er ein handels- og gjestgjevarstad utanfor Måløy i Kinn kommune, og er i dag ein del av Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Sigrid Solheim ved Fylkesarkivet i Vestland har skrive ein artikkel om ei polsk innkjøpsnemn som var på besøk i regionen i 1947 som dreiv med hestehandel, og vil denne kvelden vise ein filmsnutt frå eit av besøka dei hadde på Nordfjordeid.

Vi får også besøk av Svein Førde som har bidratt med dikt til årets julehefte.

nordfjord-folkemuseum/framside-jul-i-n-2023.JPG.
På årets framsidebilde ser vi snøleik med søskena Tulla, Kristen, Helga og Halvor Kvaale på Vereide prestegard i Gloppen. Datering, om lag 1926. Fotograf Olav Kvaale / Fylkesarkivet i Vestland.

Denne kvelden vil det vere mogleg å kjøpe årets Jul i Nordfjord, og om du har hull i samlinga kan du finne tidlegare utgåver i museumsbutikken. Det vil også vere opning av årets julebutikk og juleutstilling. Du kan òg sjå våre utstillingar Dyrebar og Attåt.

Open kafe og lett servering. Gratis inngong.