Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Museumsvert Karoline, løfter opp ei fjøslykt. Ho studerer den nøye for å lete etter spor.

Påskekrim

Tidspunkt til
Stad Nordfjord Folkemuseum

I tradisjon tro blir det også i år arrangert påskekrim denne påska. Vi treng hjelp av våre unge detektivspirar som kan finne ut kva som har skjedd:

Morgonen etter ein fest på Nordfjord gard, blir odelsguten Ole funnen død i fjøset og alle pengane hans er borte. Det er også ringen han skulle gje si trulova Kari. Vi treng difor hjelp av detektivane for å finne ut av kva som har skjedd med Ole. Kven kan vere den skuldige? Kan det vere den sjalu yngre broren eller kanskje den vordane svigerfaren, som ikkje vil at Ole skal gifte seg med dottera? Fleire mistenkte kjem fram når detektivane våre løyser oppgåver og leitar etter spor for å finne sanninga.

Teikna portrett av Ole, med forgylt ramme rundt. Hole har på seg findressen og han har kinnskjegg.
Portrett av Ole, som var funne drepen i fjøset på Nordfjord gard.

Krimmen passar til dei litt eldre borna så vel som dei vaksne og den samla familien. Det er ikkje eit fokus på å gjere det skummelt, men heller fokus på å leite etter spor.

De må leite etter spor som knytt til ein av dei mistenkte til brotsverket. Men de må også leite etter ledetrådar som fører dykk vidare i forteljinga og spelet, så her må de ha augene opne. Møt opp i resepsjonen for å få kart og startsinformasjon.

Planlegg besøket ditt

Inngangsbillett

Opningstider

1. februar — 16. juni
Tysdag-fredag: kl. 11-16

Museet er stengt alle raude dagar i mars og mai: Påskedagar 28. mars-1.april, 1.mai, 9. mai, 17.mai.

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Born 0–17 år: 0 kr
  • Student/Honnør: 90 kr
  • Årskort MiSF: 390 kr

Her er vi

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane