Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum

Museumssamling

Sunnfjord Museum har ei variert gjenstands- og fotosamling.

Gjenstandssamling

Museet har omtrent 13 000 registrerte gjenstander. Det er stor variasjon i samlinga, men mykje er frå 1700 -1800-talet. Dei siste tiåra har det også vore eit fokus på innsamling av gjenstandar frå dei siste 100 -150 åra.

Gjenstandssamlinga speglar dagleglivet for folk flest i sunnfjordbygdene og det er ei hovudvekt på gjenstandar fr¨ arbeidsliv og levesett i jordbrukssamfunnet. Tematisk er hovuddelen av samlingane reiskap, handverksverktøy, handverksprodukt, klede og andre tekstilar og ulike typar husinventar. 

Fem av husa i friluftsmuseet er innreid, og samlinga blir også aktivt bruka i skiftande utstillingar og i formidlingsopplegg. Du finn ein stor del av samlinga på Digitalt museum, og om du følgjer oss på Facebook eller Instagram får du også sjå utvaldte delar gjennom serien vår "månandens ting". 

Fotosamling

Den registrerte delen av fotosamlinga til Sunnfjord Museum er på om lag 5.000 bilete. Samlinga omfattar innsamla bilete frå privatpersonar i Sunnfjord, i tillegg til samlingar etter lokale fotografar som Anton Øygard, Tollef Sandal og Elias Eide på Jølster. Samlinga dekker 100-årsperioden frå 1860-talet til om lag 1960.