Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Sola skin. Fleire antikvariske bygningar står i tunet. Is på vatnet.

Påskedagar på Sunnfjord Museum

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Vi inviterer til tre dagar med påskekrim, aktivitetar og påskestemning!

Desse dagane kan du

  • Lage påskekyllingar av klesklyper.

  • Veve, fargelegge, teikne og spele brettspel.

  • Løyse påskekrimmen "Mysteriet om den forsvunne stabbursosten" Hjelp musa Pia med å finne ostetjuven! Krimmen er ein del av tilboda desse dagane, og det vankar ein liten premie til dei som løyser den. Hendvend deg i resepsjonen, så set vi deg igang!

Ei brun tøymus med blomstrete kjole står i graset.
Stabbursmusa Pia treng hjelp med å finne ut kven som har stole osten!

Utstillinga "Skakke folkedrakter" er som vanleg open, men siste sjanse for å sjå den er 27. mars!
I utstillinga finn du fleire interaktive stasjonar der du kan spele støymusikk, flette band og teste dine haldningar om bruk av bunad og gákti.

I museumsbutikken finn du bøker, leiker og gåveartiklar. Her får du også kjøpt deg kaffi, brus og nysteikte vaflar.

Og visste du at alle born går gratis? For vaksne kostar inngangsbilletten 120kr.
Har du lyst til å besøke oss fleire gonger i år, kjøp gjerne eit årskort!

Velkomen til påskedagar hos oss!

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. februar — 2. juni
Tysdag til fredag 10-15.
I påskeveka har vi ope måndag 25.- onsdag 27. mars.
Vi held stengt 2.- 5. april og heilagdagane i mai.

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde