Tradisjon tru markerer vi starten på sommarsesongen med ei sesongopning, og ynskjer små og store hjartleg velkomen til Sunnfjord Museum!
Det blir ymse aktivitetar ute og inne.
Eit detaljert program for dagen blir lagt ut snart, men du kan mellom anna vere med på:
Ein skuledag i gamledagar. Opplev korleis det var å vere elev for ca. 100 år sidan.
Geitedåp. Museumsgeitene skal få navn!
Sjå utstillinga "Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bunadbruk" der over 60 hovudplagg frå store delar av landet er utstilt. I utstillinga er det også høve til å flette, veve og teikne.
Prøve å male korn med handkvern, og bære vatn med vasselen.
Museet er ope kvar dag i sommar med utstilling, butikk og enkel kafé med kioskvarer, kaffi og is.