Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Openheitslova

Lova fremjar respekt for menneskerettane og anstendige arbeidsforhold, og skal sikre ålmenta informasjon om korleis verksemda handterer eventuelle negative konsekvensar for rettar og arbeidsforhold.

Driftsområde og organisering

Føremål

Stiftinga sitt føremål er å drive museum», står det i vedtektene til Musea i Sogn og Fjordane. Vidare slår dei fast at «Stiftinga skal drive innsamling, bevaring, dokumentasjon, forsking og formidling. Stiftinga skal kunne drive anna kulturell verksemd. Museet skal drive inntektsgjevande verksemd med naturleg tilknyting til hovudverksemda, det vil seie verksemd som er med på å realisere stiftinga sitt ideelle og kulturelle føremål, som konsulent- og spesialtenester, kafé, museumsbutikk og utleige.

Organisering

MiSF er organisert i fire avdelingar på tvers av enkeltmusea. Slik får vi eit sterkt kompetansemiljø og god samhandling. Avdelingane har eigen direktør med personalansvar og er slik delt opp: Avdeling for forsking og bevaring, avdeling for kulturhistorie, avdeling for kunst og avdeling for økonomi, administrasjon og drift. Kvar av desse har ein avdelingsdirektør, som rapporterer til administrerande direktør. I tillegg til HR-sjef, utgjer desse leiargruppa i MiSF.

«Musea i Sogn og Fjordane skal vere ein relevant og aktiv samfunnsaktør innan kunst og kulturarv»

Styret er stiftinga sitt øvste organ, og ser til at verksemda vert driven i samsvar føresetnadene i vedtektene. Valnemnda til styret er utpeikt av Rådet. Rådet er representantar frå fylkeskommunen, regionråda, vertskommunane, eigarstyra til stiftarane og kunstnarorganisasjonane. Rådet si oppgåve er å gje utftaler til årsrapportar og andre overordna saker styret legg fram.

Rutiner for å handsame faktiske og potensielle negative konsekvensar for grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) vil opprette ei liste over faste leverandørar og kva varer vi kjøper av den enkelte leverandør.

Alle leverandørar blir kontakta med spørsmål om deira leverandørar, altså MiSF sine underleverandørar. Dette vil gå føre seg etter følgjande mal:

  1. Namn på leverandør:

  2. Cirka årleg verdi på leveransar:

  3. Aktsemdsvurderingar

    1. Har bedrifta gjennomført aktsemdsvurderingar, det vil seie vurdert bedriftas påverknad på arbeidstakarars rettar og menneskerettar i leverandørkjeden?

    2. Kva risiko for brot på arbeids-takars rettar og menneskerettar har bedrifta avdekka dei siste fem åra?

    3. Kva tiltak har bedrifta sett i verk dei siste fem åra for å betre arbeidstakars rettar og menneskerettar i leverandørkjeden?

    4. Kva tiltak har bedrifta gjort for å overvake og avdekke brot på arbeidstakars rettar og menneskerettar dei siste fem åra?

    5. Kva prioriteringar for å følge opp arbeidstakars rettar og menneskerettar har bedrifta gjort for dei neste fem åra?

  4. Kontraktsvilkår

    1. Kva standard kontraktsvilkår har bedrifta vedkommande arbeidstakarrettar og menneskerettar i sine kontrakter med leverandørar?

    2. Har bedrifta kontrakter utan slike standard kontraktsvilkår? Kva kontrakter gjeld dette, og kvifor har ikkje verksemda slike standard kontraktsvilkår i desse tilfella?

  5. Underleverandører

    1. Fyll inn kjend informasjon om bedriftas underleverandørar (UL)

Handtering og mistankar

Styre og leiing i MiSF føreset at alle interne tilhøve er i tråd med den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving, reglar og rutiner som regulerer forholda til dei tilsette.

Dersom der er saker å følgje opp, skal dette gjerast av avdeling økonomi, administrasjon og drift.

Dersom nokon meiner det er grunn til mistanke om brot på grunnleggande menneskerettar og/eller anstendige arbeidsforhold i MiSF eller hos leverandørar, ber vi om at dette blir meldt til

Styret og administrasjonen har ikkje avdekt faktiske negative konsekvensar av drifta, eller område med risiko for at dette skal oppstå.

Styret har handsama og signert vedtak om framgangsmåten som skildra ovanfor.