Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Påskepynt (egg og kyllinger) i friluftsmuseet.

Påskedagar

Tidspunkt til
Stad Nordfjord Folkemuseum

Påska er rett rundt hjørnet og vi på Nordfjord Folkemuseum har glede av å invitere til påskedagar hjå oss!

Vi utvidar opningstidene våre og held ope frå søndag 24. mars (palmesøndag) til onsdag 27. mars kl. 11-15 alle dagar.

Program kl. 11-15

Påskekrim

Påskeverkstad

- Nålefilting

- Påskepynt

- Decoupage

Det blir påskekrim i år også, der vi treng hjelp frå detektivane for å finne ut kva som skjedde med Ole?

Museumspedagogen Karoline undersøker ei bledramme. Ho leitar etter spor som kan hjelpe til å løyse påskekrimmen. på bilde står det skreve noko rart, som er vanskeleg å forstå.
Museumspedagog Karoline undersøker eit av spora som kan gje oss svar på kva som skjedde med Ole.

Inne i hovudbygget kan de lage påskepynt. Vi har ulike aktivitetar å by på, de kan prøve å nålefilte påskeegg, lage flotte duskar eller de kan prøve dykk på decoupage.

Vi oppmodar å ta med eigne glas til decoupage, det kan vere tomme syltetøy-glas eller eit glas du ønsker å dekorere med flotte påskemotiv.

Bildet vier noen som holder på med nålefilting. Bilde er tatt bak personen som utfører aktiviteten, så vi ser bare bakhode og hånden. Jenta lager eit rosa hjerte av ull, ved å stikke nål i julla.
Ein kan lage mykje fint med nålefilting, i vinterferien var det ei som laget eit fint hjerte. Nå til påske kan du prøve å lage et påskeegg.

Elles vil det vere høve til å sjå våre utstillingar. Vi har utstillinga «Dyrebar» som er open heile året og vår basisutstilling «Attåt» som opna sommaren 2023.

Kafeen held ope alle dagar, og i museumsbutikken er det gode tilbod for anledninga.

Planlegg besøket ditt

Inngangsbillett

Opningstider

1. februar — 16. juni
Tysdag-fredag: kl. 11-16

Museet er stengt alle raude dagar i mars og mai: Påskedagar 28. mars-1.april, 1.mai, 9. mai, 17.mai.

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Born 0–17 år: 0 kr
  • Student/Honnør: 90 kr
  • Årskort MiSF: 390 kr

Her er vi

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane