Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
Undervisningstilbod hjå Norsk Reiselivsmuseum

Skuleklassar og barnehagar er velkomne til å besøka Norsk Reiselivsmuseum. Me tilbyr alderstilpassa aktivitets- og undervisingstilbod. Undervisingsopplegga er forankra i læreplanane og til rammeplan for barnehagar. Besøka er gratis.

Barnehage

Våre pedagogiske opplegg er lagt til rette for 4–6 åringar. Borna skal ikkje vere passive under eit besøk på Norsk Reiselivsmuseum, men vere aktive i si eiga læring.

Bamse på museum

Fleire bamsar har kome til bygda og gøymt seg i museet. Etter at borna har funne bamsane, får dei høyre om ulike grunnar folk har for å reise. Kvifor har bamsane gøymt seg på museet? Korleis kom dei hit? Kvar kom dei frå?

norsk-reiselivsmuseum/bamse-pa-museum.jpg.

Skattejakt

Etter ein runde i hovudutstillinga, får borna leite etter skatten. Utsnitts foto av gjenstandar eller montrar gøymer seg i boksar, og fører steg for steg mot mål.

norsk-reiselivsmuseum/skattejakt-1.jpg.
norsk-reiselivsmuseum/skattejakt-2.jpg.
norsk-reiselivsmuseum/maskelaging-1697034250.jpg.
Verkstader

Bygg ditt eige fartøy

Borna får boltre seg med store pappøskjer, og ved hjelp av saks, tape og tusj får dei omforma øskjene til fartøy - sin eigen båt, bil eller fly. Her er det berre fantasien som set grenser. 

Julebukk masker    (november/desember)

På museet får borna lære om den gamle tradisjonen med å gå julebukk, før dei får lage sine eigne masker.

Finn feila (barnehage og småskule)

Finn gjenstandar i montrar eller i museet som ikkje høyrer heime i utstillinga. Set merke i «skattekartet» som blir utdelt. Premie til dei som finn alle svara!

Skuletilbod

Kvifor vart Noreg eit eksotisk reisemål? Norsk reiselivshistorie (alle klassesteg)

Me tek reisa frå dei fyrste turistane sine noko tvilsame erfaringar i møte med norske kulturar, vidare til at utlendingar tok landet i bruk på heilt nye måtar – noko som gav oss merkelappen «Det eksotiske nord». Me ser på endringane turismen har ført med seg – for bønder, for kvinner, for små samfunn og ikkje minst – for sjølvbilete.

norsk-reiselivsmuseum/urn_nbn_no-nb_foto_nf_w_15644.jpg.

Norsk postkorthistorie – korleis skapte me vår identitet før sosiale media overtok? (4.-10. klassesteg)

Visste du at postkort har i periodar hatt hemmelege motiv, og at ulykker vart brukt som motiv – eller at politisk sarkasme presentert ved hjelp av humor – er ein del av postkorthistoria? I dag har sosiale media teke over denne kommunikasjonen, ei kort helsing frå reiser blir sendt frå mobilen.

 

SoMe – minnebok for vår tid? (8.-10. klassesteg)

Finnast det likskap mellom eit museum sitt samfunnsoppdrag med å ta vare på historia, ta med seg fortid og notid inn i framtida, og alle publikasjonar me dagleg sender ut på nettet? Dei nasjonalromantiske måleria utstilte på galleria i Europa gav Noreg identitet som sjølvstendig nasjon.

Kva hendingar i fortida har forma oss? Korleis vil me i dag forme vårt ettermæle? Kan me kvalitetssikre våre publikasjonar?

Berekraftig reiseliv (8.-10. klassesteg, vgs.)

Korleis kan me ta vare på naturen og samstundes ha nok arbeidsplassar lokalt, langt inn i framtida?

Eit tverrfagleg undervisingstilbod som fokuserer på medansvaret me har lokalt for å kunne gå FN sine berekraftsmål i møte.

norsk-reiselivsmuseum/sparkesykkel-oslo.jpg.

Sex-turisme og menneskerett (8.-10. klassesteg, vgs.)

Det viser seg at sex-turisme har stor utbreiing på verdsbasis. Dette er eit emne som det er viktig å snakke om, både i eit globaløkonomisk perspektiv der tilbod frå heile verda er tilgjengeleg, der nokre av oss har råd til å kjøpe medan andre må selje for å overleve.

Me drøftar emna:

·        Kroppspress i sosiale samanhengar og sosiale media

·        Utrydding av fattigdom – FN berekraftsmål

·        Kvinnesyn – FN berekraftsmål, likestilling mellom kjønna

·        Stigmatisering av «kjøpebruder»

·        Seksuelle tenester til funksjonshemma

·        Trafficking – menneskehandel – moderne slaveri

·        Forbod mot likekjønna forhold – LHBT

·        Religion som maktfaktor – fordømming - skam

Under besøket

·        Sekkar og ytterkle leggast i garderoben i fyrste etasje. Her finn de òg toalett.

·        Ta gjerne med matpakke og drikke.

·        Det er lærar sitt ansvar å halde ro og orden.