Påska er ei tid til å slappe av med familien. Vi har mykje varierande aktivitet frå påskekrim til handverksstasjonar på dei forskjellige musea. Ta ein titt under for å finne ut meir om ditt nærmaste museum
Nordfjord Folkemuseum på Sandane
Påskedagar
24. mars - 27. mars 11:00 - 15:00
Påska er rett rundt hjørnet og vi på Nordfjord Folkemuseum har glede av å invitere til påskedagar hjå oss!
Påskekrim Kl. 11.00 -15.00
Påskeverkstad Kl. 11.00 - 15.00
- Nålefilting
- Lage dusk
- Decoupage
Påskekrim
24. mars til- 27. mars, 11:00 - 15:00
Morgonen etter ein fest på Nordfjord gard, blir odelsguten Ole funnet død i fjøset og alle pengane hans er borte. Det er også ringen han skulle gje sin trulova Kari. Vi treng derfor hjelp av detektivane for å finne ut av kva som har skjedd med Ole. Kven kan vere den skuldige?
Sunnfjord museum i Movika
Påskedagar på Sunnfjord Museum
25.- 27. mars, 10:00 15:00
Desse dagane kan du
- Lage påskekyllingar av klesklyper.
- Veve, fargelegge, teikne og spele brettspel.
- Løyse påskekrimmen "Mysteriet om den forsvunne stabbursosten"
Påskekrim: Mysteriet om den forsvunne stabbursosten
25.-27. mars, kl. 10.00-15.00. 28. mars - 1. april, heile døgnet.
I årets påskekrim møter du stabbursmusa Pia. Ho bur i eit lite musehus på Sunnfjord Museum. Her lever ho godt. Ho har funne ein kjempestor, gylden ostebit som ho passar godt på. Den skal nemleg ho og tanteborna kose seg med i påska.
Plutseleg ein dag oppdagar Pia at nokon har vore inne i matboda hennar, og stabbursosten er vekk!
Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde
Familieverkstad: Vårpynt!
23. mars 12:00 - 15:00
Endeleg vår – denne laurdagen lagar vi vårpynt! Bli med å dekorere uknuselege egg og lag fine papirlanterner.
Opningstider i påska
Palmesundag kl. 11-16 . Tirsdag 26. mars kl. 11-16. Onsdag 27. mars kl. 11 - 14
I påska har vi opent, og du kan oppleve den nye utstillinga vår "Kunst i dei tusen heimar".